Voss Energi og Voss Fiber forlenger samarbeidet med Ekstremsportveko
Lynrask festival, lynraske forbindelsar! Partnarskapet med Voss Energi og Voss Fiber sikrar raskt nett og grønn energi til Ekstremsportveko.
Saman med Voss Fiber held me fram sponsorsamarbeidet med Ekstremsportveko, ein av verdas mest unike festivalar!
Partnerskapet markerer ei utvikling i selskapa sine engasjement for framtidsretta løysingar med lokal forankring.
– Voss Energi er begeistra over samarbeidet med Veko, og gjennom dette å kunna bidra til å gjera Voss til ein attraktiv stad å bu, seier marknadssjef i Voss Energi, Per Berge. – Partnerskapet gir oss moglegheita til å nå ut til eit breitt publikum og inspirera til aktivitet og handling for ei meir berekraftig framtid, meiner han.
Lynrask festival, lynraske forbindelsar
I Ekstremsportveko er det ikkje berre utøvarane som er lynraske: Dagens Video-temaet til Veko jobbar under sterkt tidspress for å få ferdig TV-sendingar same dag som dei er filma. For å levera videobileta til TV-kanalar og mediehus over heile verda er dei avhengige av å kunna overføra store filer i raskast mogleg hastigheit.
– Voss Fiber sørgjer for å setja opp løysingar som tilfredsstiller dei store krava til hastigheit på overføring av høgoppløseleg video. Med dette kan ein levera alt innhaldet same dag som det er laga, seier sal- og marknadssjef i Voss Fiber, Brede Herheim.
Med Voss Fiber sitt nettverk på festivalarenaen vil publikum enklare kunne lasta opp og dela innhald og kommunisera med vener og familie utan forseinkingar. Samarbeidet muliggjer også innovative digitale aktivitetar, der ein i år vil laga ei konkurranse med kåringar av dei beste publikumsvideoane kvar dag.
– Me er glade for å ha Voss Fiber og Voss Energi på laget og ser frem til å samarbeida om å skapa ein endå betre festivaloppleving for våre gjestar! seier dagleg leiar i Ekstremsportveko, Kjetil Kriken.