EG VIL SJÅ 2024
Brannvernforeininga har skapa ein kampanje der dei inviterer brann- og redningsvesen og DLE (Det Lokale Eltilsyn) til å vera med. Det er for å skape tryggleik rundt nyttårsfeiringa og rettleiing til korleis alle kan bidra til ei flott feiring.
Me i Voss Energi slengjer oss med då det er eit flott tiltak og årets bodskap for kampanjen er:
BRUK VERNEBRILLER! #Egvilsjå
Skrevet av: Marte RamsoyPublisert: 24. desember 2024
Kampanjen skal bidra til færre skadar i samband med oppskyting av fyrverkeri. Me anbefalar difor å bruka vernebriller ved oppskyting.
Dette er eit samarbeid mellom Brannvernforeininga og Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB). I år inviterer dei brann- og redningsvesen i heile landet, DLE og kommunar til å delta i sitt lokalområde.
Kampanjen blir køyrt i sosiale media, på radio, i pressa og på fleire av landets kinoar i kampanjeperioden (24.-31.desember).
Sjå under for meir info eller sjå Brannvernforeininga eller Sikker kvardag.