Kundestøtte

Treng du hjelp? Her finn du svar på ofte stilte spørsmål og kontaktinformasjonen vår.

Kvar finn eg oversikt over mine fakturaer?

Oversikta over fakturaene dine finn du enkelt ved å logga deg inn på «Mi Side». Deretter vel du målarpunktet du ynskjer å sjå fakturaene til, og deretter trykkar du på «Faktura» på fanene øvst på sida.

Eg er ueinig med det som står i fakturaen, kva skal eg gjera?

Dersom du meiner det er noko feil med utrekninga eller krafta kan du ta kontakt med oss på telefon, e-post eller kontaktskjema som du finn nedst på denne sida.

Dersom det gjeld nettleiga eller feil måling av straumforbruk: Kontakt Tendranett på 56 52 83 80 eller post@tendranett.no (Gjeld for eigedomar i Voss Herad) eller netteigar i ditt område. 

Kva straumavtale har eg?

Ved å logge på «Mi Side» -> Vel eigedom du vil sjekka -> Vel «Avtalar» som ligg øvst på nettsida. 

Har du fleire målarpunkt på same adresse, så skal desse ligge under kvarandre og du får innsyn ved å trykka på «+»-tegnet. 

Korleis kan eg endra forsendelsesmåte på fakturaen?

Det kan du enkelt gjera ved å:

Logga på «Mi Side»

Gå på adressa du ynskjer å endra noko på. 

Vel «Faktura» øvst på oppgavelinja.

Over lista av fakturaer står det: «Faktura sendes på [metoden du benyttar per no]», og under står det «Endre distribusjonsmetode».

Klikk på «Endre distribusjonsmetode», så får du opp ei liste med dei ulike vala du har. 

OBS!: Dersom du vel e-faktura, så vil den sende fakturaen til kontonummeret som sist betalte rekninga. Om du ynskjer å sjekke at det er rett kontonummer som er registrert, så kan du ringa oss på 56 52 83 00.

Eg greier ikkje logga meg inn på appen og/eller Mi Side – kva skal eg gjera?

Det kan det vera fleire årsaker til, men her er dei mest vanlege:

  • Er abonnementet på målaren registrert på deg eller nokon andre du bur ilag med? For ein må nytta infoen til personen målaren står på for å logge seg på då det diverre ikkje er kome noko anna løysing for appen pr. no. 
  • Det hende at det er noko gale med telefonnummeret som er registrert på din konto. Feks. feilskrive, gamalt nummer eller ikkje registrert noko nummer i det heile. Så ta kontakt med oss på telefon, e-post eller kontaktskjema som du finn nedst på denne sida.
  • Me opplever at mange tastar feil når ein skal skrive inn fødeår då mange kun nyttar dei 2 siste sifra. Ein må nytte alle 4. Feks. om du er fødd 4.april i 1967, så må du skrive: 04.04.1967.
  • Mange trur dei er kunde hos Voss Energi Kraft AS då fakturaen frå netteigar (dersom eigedomen er på Voss) har Voss Energi AS merka på fakturaen. Dette fordi Voss Energi AS er moderselskapet. Er ein ikkje kunde hjå Voss Energi Kraft AS, så kan ein heller ikkje nytta seg av appen/Mi Side. Er du i tvil, så ta kontakt! 

Dersom det ikkje er noko av det over, så ta ein telefon til oss 56 52 83 00!

Korleis kan eg byta til Voss Energi Kraft AS?

Trykk på «Straumavtalar» øvst på nettsida vår og vel avtalen du ynskjer.

Bla ned til «Bestillingsskjema for [avtalen du veljer]».

Fyll ut og send inn! Du får stadfesting på SMS når avtalen er registrert hjå oss.

Viss du heller vil bestilla straumavtale manuelt kan du gjera dette via telefon, e-post eller kontaktskjema som du finn nedst på denne Kundestøtte-sida.

Kva skjer om det oppstår straumbrot eller andre problemer?

Då kan du ringa inn til oss på 56 52 83 00

Ved straumbrot i Voss Herad kan du også ringe inn til Tendranett (netteigar) på 56 52 83 80

Dersom området er utanfor Voss Herad, så må du kontakta netteigaren i det gjeldande området.

Eg skal flytta – kva gjer eg når det kjem til straum?
Korleis kan eg seia opp straumavtalen min?

Me hjå Voss Energi Kraft kan gjera opphøyr på eit målarpunkt dersom det er 2 dagar eller meir fram i tid om det er me som leverer krafta til deg. Då kan du ringa oss på 56 52 83 00 eller sende e-post til postkraft@vossenergi.no

Men dersom det er attende i tid eller mindre enn 2 dagar, så må du ringa nettselskapet i ditt område. Dersom målarpunktet er på Voss, så er det Tendranett som er netteigar og kan nåast på 56 52 83 80 eller post@tendranett.no

Har eg fått straumstøtte?

For dei med eigedom innanfor Voss Herad
Det kan du sjekka på fakturaen du får frå oss under «Nettleige» og linja som heiter «Kompensasjonsordning ekstraordinære strømutgifter» då me samfakturerer med lokal netteigar. Dersom du meinar noko er feil, så kan du kontakte Tendranett på 56 52 83 80 eller post@tendranett.no.

For dei med eigedom utanfor Voss Herad:
Ta kontakt med netteigar i ditt område. Du kan mellom anna finne det ut ved å trykke her

Kva er spotpris?

Ein spotpris-avtale vil seie at du som kunde betalar det same for straumen som straumleverandørane kjøper krafta for på kraftbørsen NordPool. Straumavtalen følger altså prisutviklinga i marknaden. Prisen varierer frå time til time og dag til dag. Kvar time har sin unike spotpris.

Prisen varierer alt etter veret, tilbod, etterspurnad etter straum og korleis den produserast. Du kan følgje spottprisane for ditt område på appen vår. 

Kva kan eg gjera for å spara straum?
Korleis reknar de ut spotprisen på min faktura?

Spotprisen for straum til ein kunde vert vanlegvis rekna ut basert på marknadsforhold og den faktiske bruken av straum. Her er ei forenkla forklaring på korleis spotprisen kan reknast ut for ein kunde på fakturaen:

Marknadspris: Fyrst og fremst vert spotprisen bestemt av straummarknaden. Dette er eit prisområde som varierer frå time til time, og det vert bestemt av tilbod og etterspurnad etter straum, produksjonskostnader og andre faktorar. Kvar time har sin eigen unike spotpris.

Måling av forbruk: Straumselskapet måler kor mykje straum du har brukt i løpet av kvar time. Dette vert gjort med ein målar som registrerer kor mykje straum som går gjennom huset ditt.

Timepris multiplisert med forbruk: For å reknast ut kostnaden for straum for kvar time, blir den gjeldande spotprisen for den timen multiplisert med mengda straum du har brukt i den timen. Dette gir kostnaden for straumen i den spesifikke perioden. Slik finn dei også gjennomsnittet av spotprisen din.

Samansetjing: Til slutt legg straumselskapet saman kostnadene for alle timene i faktureringsperioden (til dømes ein månad) for å gi deg den totale kostnaden for straumen du har brukt i den perioden. Så dei tek gjennomsnitt av spotprisen din og multipliserar det med antall kWh brukt den månaden. Så din spotpris kan vera noko anna enn naboen sin då det er eit personleg gjennomsnitt som baserar seg på når du brukte mest straum.

Tilleggsutgifter: I tillegg til spotprisen kan det vere andre kostnadar, som nettleige, avgifter og skattar, som blir lagt til på fakturaen din. Desse kostnadene kan variera avhengig av straumselskapet og den geografiske staden din.

Kan eg ha Voss Energi Kraft som straumleverandør på målarar som er utanfor Voss Herad?

Absolutt! Voss Energi Kraft er ein landsdekkande leverandør av straum. Så om du feks. bur på Voss, men har hytte i Kautokaino, så kan du ha begge målarane hos oss! 

Kva burde eg ha klart før eg skal opprette avtale med dykk?

Me har god tolmod til kundane våre, men dersom du ynskjer at samtalen skal gå raskt, så kan det vera lurt og ha fylgjande info klar: 

  • Målarnummer eller målarpunkt-ID
  • Overtakelsesdato dersom det er innflytting (helst kvar begge partar er einige)

Resten tar me i farta! 

Må eg kontakte min noverande leverandør og seie opp avtalen min før eg kan bli kunde hjå Voss Energi Kraft?

Nei. Dersom du er kunde hos ein annan leverandør, men ynskjer å byte til oss, så blir avtalen med den andre leverandøren automatisk avslutta. 

OBS!: Når ein gjer eit leverandørbyte, så er det lovpålagt med 14 dagars angrerett og me treng 2 dagar til oppkopling. Dvs at me kjem på som din leverandør etter 16 dagar. Dersom ein ynskjer å seie ifrå seg angreretten, så treng me dette skriftleg. Det kan sendast til postkraft@vossenergi.no. Då tar det 2 dagar til me blir leverandør på målaren. 

Kor kan eg lasta ned Voss Energi-appen?

Trykk her for å finna lenker til nedlasting av Voss Energi-appen (Android og iPhone).

Du kan logga på appen med telefonnummer eller Vipps.

OBS! Eit målarpunkt kan ikkje ha fleire enn eitt registrert telefonnummer. Så dersom straumavtalen din står på for eksempel sambuaren din, så er det hans/hennar telefonnummer som må nyttast ved pålogging. 

Eg finn ikkje bilmerket mitt på "Smartlading" i appen. Kva gjer eg?

Det er nokre bilmerker me ikkje har samarbeid med av ulike grunnar. Men viss det skulle gjelde deg, så har me lagt til dei mest brukte ladarane i appen: 

  • Zaptec
  • Wallbox
  • Eeasee

Då kan du koble opp til denne i staden og slik får du smartlading gjennom ladaren og ikkje bilen. 

OBS: Dersom du benyttar smartlading via ladeboks, så er det viktig at ein ikkje set bilen i "Smartlading"-modus.

Kva er ein pulsmålar?

Voss Energi sin pulsmålar er ein liten boks du kan kopla til straummålaren din, sånn at du kan følga med på forbruket ditt i sanntid.

Boksen sender informasjon om kor mykje straum du brukar rett til Voss Energi-appen, der du får opp informasjonen i ein enkel graf.

Trykk her for å lesa meir om eller bestilla pulsmålaren.

Korleis reingjer eg varmepumpa mi?

Slå av varmepumpa: Før du startar reingjeringa av varmepumpa, må du sørge for at ho er slått av og fråkopla straumtilførselen for di eiga tryggleik.

Fjern støv og skitt: Bruk ei mjuk børste, ein støvsugar med ei børstevalse eller ein trykkluftbeholder for å fjerne laust støv og skitt frå utsida av varmepumpa. Dette inkluderer framsida (der lufta blir trekt inn) og sidene.

Fjern og reingjer luftfilteret: Luftfilteret er ein viktig del av varmepumpa som fangar opp partiklar og forbetrar luftkvaliteten. Fjern filteret forsiktig og reingjer det. Du kan vanlegvis vaske det i lunka vatn og la det tørke heilt før du set det tilbake. Sjekk produsenten sine instruksjonar for rett reingjeringmetode.

Reingjer avfuktingspanna (berre for varmepumpar med avfuktingsfunksjon): Dersom varmepumpa di har ein innebygd avfuktingsfunksjon, kan det samle seg vatn i ei avfuktingspanne. Tøm denne panna jamleg for å hindre muggvekst eller lekkasjar.

Sjekk dreneringsslangar: Pass på at dreneringsslangane er reine og ikkje blokkerte av rusk eller skitt. Dette er viktig for å unngå oversvømmingar og vatnskadar.

Vurder å få profesjonell service: Sjølv om du kan utføre ein del av vedlikealdet sjølv, er det også tilrådd å få ein profesjonell teknikar til å inspisere og vedlikehalde varmepumpa di årleg. Dette sikrar at varmepumpa fungerer optimalt.

Hald området rundt varmepumpa reint: Forsikre deg om at det ikkje er hindringar eller blokkeringar rundt varmepumpa, særleg for utedelen. God luftsirkulasjon bidrar til at varmepumpa fungerer meir effektivt.

Følg produsenten sine instruksjonar: Alltid sjå til produsenten sin brukarrettleiing for spesifikke reingjeringsråd og vedlikehaldsprosedyrar for din spesifikke varmepumpe.

Regelmessig vedlikehald og reingjering av varmepumpa di vil ikkje berre bidra til å oppretthalde effektiviteten, men også forlengje levetida til utstyret og sikre at det gir deg god komfort gjennom heile året.

Varmepumpa funkar ikkje – kva skal eg gjera?

Ring oss på 56 52 83 00 (mellom 07.30-15.00) så set me deg i kontakt med ein sakkyndig.

Passar Wallbox-elbilladaren til bilen min?

Dei aller fleste el-bilar kan ladast med Wallbox Pulsar Plus. Hugs at det er viktig å bestilla ladar med rett type kabel, sidan kabelen er fastmontert til ladarane.

Me tilrår alltid at du avklarar med bilforhandlaren din om du er usikker på om bilen din kan ladast med Wallbox Pulsar Plus.

Kontaktskjema

Bruk gjerne kontaktskjema, så får me meir utfyllande informasjon om kva det gjeld.

Du kan også nå oss på:

postkraft@vossenergi.no
Send ein e-post med det du lurar på, så skal me svara så fort me kan!

56 52 83 00
Kundeservice er åpent mandag - fredag kl. 7:30–15.00.