Leverandørkvalifisering

Voss Energi  nyttar, som dei fleste større everk i Norden, Sellihca kvalifikasjonsordning. Dette betyr at leverandørar som ynskjer å levere varer og tenester til Voss Energi som hovedregel skal vera registrert og kvalifisert i Sellihca.

Ei registrering i Sellihca gjev ingen garanti for oppdrag frå Voss Energi, men leverandøren vil kome opp som mogleg tilbydar når det vert gjennomført marknadssøk i Sellihca-basen. Leverandøren vil då vera på "long-list" og enten motta konkurransegrunnlaget, eller vera gjenstand for eventuell ytterlegare kvalifisering dersom prekvalifisering føregår i fleire trinn. Det siste er vanleg på meir komplekse anskaffingar.

Det er to ulike nivå for registrering i Sellihca:

Standard registrering
Standard registrering kvalifiserer leverandøren for tilbod til energiselskap i heile Norden.

Lokal registrering
Lokal registrering er ein rimeligare ordning berekna på mindre bedrifter. Lokal registrering kvalifiserer for tilbod på eit begrensa utval produktkategoriar, og leverandøren vil være synleg for innkjøparen i kun 5 ulike fylke etter eige val.

 

Sellihca sikrar oss som kjøpar at enkelte basiskrav er oppfylt, og at ein del andre vesentlege detaljer er besvart. Fleire av postane i informasjonen nyttast som seleksjonskriterie og prekvalifisering for konkurranser. I registreringsprosessen skal ein mellom anna opplyse om fylgjande:

  • Generell informasjon
  • Nøkkelpersonell
  • Selskapet sine adresser
  • Tilknytta selskap
  • Føetaksinformasjon
  • Finansielle nøkkeltall
  • Bank og revisor
  • Kommersielle uttaler
  • Forsikringar
  • Kvalitetssystem
  • Miljøsystem
  • Etikk og samfunnsansvar
  • Produkter og tjenester

For å verta prekvalifisert må ein kontakte Sellihca:

Sellihca Qualification
Postboks 1817
4801 Arendal
Tel: + 47 37 06 35 30
Fax: + 47 37 06 35 31

Registrer firmaet ditt i Sellihca her

Les meir om Sellihca her

 

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2