Hodnaberg kraftstasjon 50 år

19. desember 1953 vart Hodnaberg kraftverk sett i drift




Rettane til Torfinnsvatnet vart 25. februar 1920 kjøpt av BKK og Voss kommune i lag. I 1943 starta planleggingen av anlegget. Bygging starta 1950 og hjula vart sett i drift 19. desember 1953. Totalkostnaden i 1959 var på 16 mill kronar.

 

På biletet over ser du kommunestyret på befaring i 1952.



Hodnaberg Kraftverk, som ligg ved Hamlagrøvatn, er eit daganlegg med eit 831 m langt turbinrøyr langs fjellsida. Ein del av stasjonen er sprengt ned i fjellet.

Magasinet er monaleg overregulert, og er på 177 mil. m3.



Kraftstasjonen er utstyrt med to Francis turbinar med ein samla installasjon på 30 MW. Gjennomsnittleg årsproduksjon er på 90 GWh.




8. desember 2003 vart 50 års jubileet feira på Hodnaberg Kraftstasjon. Blandt dei inviterte var også tidligere tilsette som bygde stasjonen, frå venstre Gunnar Kinne, Knut Svensson, Alfred Berge, Kjell Teigen og Andreas Hildestveit, sjå bilete under (foto Sjur Herre, avisa Hordaland).



Dersom du er interessert i fleire fakta kring Torfinnsvassdraget og Hodnaberg Kraftverk, kan du kontakta oss.

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2