Konsesjonsnytt 28. juni 2013

Avslag til Nedre Dyrvo Kraftverk

NVE har avslått konsesjonssøknaden om Nedre Dyrvo Kraftverk. Kraftverket var planlagt å produsera 8,4 GWh med installasjon på 2,8 MW.
Me vil ta stilling til eventuell anke etter sommaren. 

Konsesjon til Gosland Kraftverk

NVE har gitt oss konsesjon til Gosland kraftverk - Vinsand- og Nesthuselva. Planlagt produksjon er 9,7 GWh installasjon på 3,7 MW

Konsesjonssøknad Haugamoen kraft

 

Søknad om konsesjon for kraftverk i Haugamoen sendt 28. desember 2012

Voss Energi og grunneigarane i Haugamoen i Voss Kommune har inngått samarbeidsavtale om å nytte vassressursane i elva deira mellom Løkjane og Haugamoen inst i Bordalen til kraftproduksjon. Det er vurdert fleire alternative utbyggingsløysingar og den framlagde løysinga er godt gjennomarbeidd basert på mange synfaringar og godt samarbeid med anleggsteknisk personell og grunneigarane.

Tilsigsfeltet til Haugamoen kraftverk er utrekna til 15,4 km2. Det er planlagt inntak ved Løkjane ca. kote 561 og kraftstasjon i Haugamoen ved ca. kote 422. Tiltaksområdet er med i verneplan for vassdrag slik at maksimal effekt vil verta 1 MW, årleg produksjon er stipulert til 5,3 GWh og vassutnyttingsgraden er utrekna til 37 %. Det er planlagt minstevassføring på 120 l/s for sommar og 60 l/s for vinter. Hydrologiske utrekningar med VM 62.18 Svartavatn for tidsperioden 1988 – 2008 som referansefelt, syner at det vil verta overløp ved dammen 166 dagar (44 %) i eit middels år. Ingen INON soner vert nemneverdig råka grunna privat grusveg som går gjennom tiltaksområdet forbi kraftstasjon og langs store delar av valt røyrtrase fram til inntaket. Det vert ikkje trong for nye vegtrasear og inngrepet er planlagt så skånsamt som råd og etter vår vurdering innanfor akseptable rammer ift. verneinteressene og retningslinene for slike prosjekt. Det vert trong for ca. 1,1 km høgspentkabel frå kraftstasjon til næraste trafo ved Rong. Tiltaket vil slik realisere etterlengta straumtilførsel til 20-30 hytter i nærområdet.

Det er ein registrert førekomst av Gaupe (VU) eit stykke lenger ned i Bordalen nedstraums kraftstasjon samt at Linerle og Fossekall er identifisert i tiltaksområdet. Tiltaket er vurdert til å gje liten negativ konsekvens (-) for raudlisteartane. Det er registrert eit område med naturtypen bekkekløft og bergvegg, utforming bekkekløft, og ei fossesprøytsone, urterik utforming som er vurdert til høvesvis viktig (B-verdi) og lokalt viktig (C-verdi). Sidan det er planlagt å utnytte 37 % av vassføringa, vert tiltaket vurdert til å gje liten negativ konsekvens (-) på verdifulle naturtypar. Råka elvestrekning vert ikkje nytta som ferskvassressurs og det finns elveaure som elles er vanleg i området. Vassdraget er verna og deltemaet verneinteresser har stor verdi. Sidan tiltaket er skånsamt og det er vurdert til å ikkje svekke verneverdien som skissert i vernevedtaket, er konsekvensen vurdert som ubetydeleg (0). Konsekvensen knytt til andre tema er vurdert som liten negativ (-) eller ubetydeleg (0).»

 

Tekniske data for tiltaket:

Inntak kote (m)

Utløp kote (m)

Tilsigsfelt (km2)

561

422

15,4

Maks slukeevne (m3/s)

Middelvassføring (m3/s)

Minstevassføring sommar (m3/s)

0,9

1,46

0,120

Maks effekt (MW)

Årleg produksjon GWh)

Kostnad (mill. kr)

1

5,3

19,70

 

Kontakt Yngve Tranøy eller Ole Reidar Flatby for utfyllande informasjon.

10. klasse Sundve Skule hadde beste presentasjon

 Juryen hadde eit vanskeleg val når dei skulle peika ut ein vinnar. Det var eit høgt nivå på årets bidrag og det var særs vanskeleg å velja ut ein vinnar på finaledagen for Energikulturdagane 2012.

Målet med arraqngementet var å bevisstgjera  og utdanna dei unge i miljøspørsmål. Sundve skule hadde jobba med drivhuseffekten, transport og klimaendringar. Og til presentasjonen slo dei saman alle tre gruppene.

Både ordføraren og ein frå Hordaland fylkeskommune var tilstades i Voss kulturhus der alle prosjekta vart presenterte.

 

 

10-klassingar - vær beredt!

Les meir om vår offensive satsing for å få ungdommen interessert i fornybar energi.


 

Energikulturdagane desember 2012...

Energikulturdagane er eit initiativ frå Voss Energi AS. Me ynskjer at elevar i 10. klasse, gjennom å løysa oppgåver i "Fornybar framtid", skal få auka interessa for miljøspørsmål og alternative energikjelder, energibruk generelt og ikkje minst auka interessa for realfag. Vidare skal elevane setja seg inn i dei lokale utfordringane me har gjennom å jobba med Voss kommune sin Energi-og klimaplan. "Fornybar framtid" er eit undervisningsopplegg utvikla av Natur og Ungdom.  

Dette blir tredje gang me gjennomfører undervisningsopplegget.
Oppgåvene elevane skal løysa er tilpassa kompetansemåla i fagplanar for samfunnsfag og naturfag.
Kick-off er 4. desember kl 08:45 i Kulturhuset. Finalen er 20. desember kl 08:45 i Kulturhuset. Her kårer juryen ein klasse som vinner kr 10 000 som skal gå til eit klima- eller miljøprosjekt. Biletet syner eit tidlegare finalebidrag.

Deltakarane er Voss ungdomsskule og Sundve ungdomsskule. Elevane får veiledning på skulen av

Adm. direktør Rune Nesheim
Prosjekt- og utviklingssjef Yngve Tranøy
Produksjonsjef Nils Fatland
Nettsjef Tor Bakketun
Marknadssjef Cecilie Pindsle

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2