Lang erfaring

Tanken om å skaffa seg elektrisk kraft byrja for alvor på slutten av 1800 talet i Noreg. Stalheim hotell var truleg fyrst ute på Vestlandet. Etter litt att og fram vart det i 1897 produsert straum i Rognsfossen som skulle forsyna ullvarefabrikken med kraft og Vossevangen med elektrisk lys. Trongen for elektrisk straum auka og Palmafossen kraftverk vart bygt i 1919 samt at planane for det storstilte prosjektet i Torfinno vart aktuellt. Ei av hovudutfordringane med dei store utbyggingane var at folk ikkje trengde så mykje straum som det ville produserast. Kor skulle ein gjera av all overskotskrafta?  I dag er problemet omvendt. 

Voss Energi har lang erfaring med drift og vedlikehald av kraftstasjonar. Kraftverka våre er ei viktig inntektskilde for oss og kommunen generelt.

Vår produksjonsavdeling er leia av Nils Fatland og montørane Helge Klette og Brynjulv Hildestveit driv dagleg vedlikehald av kraftverka. Kontaktinformasjon finn du under linken "om oss".


Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2