FAQ

10 ofte stilte spørsmål

Spørsmål:  Kvifor vert ikkje temperaturen i rommet den same som det som er innstilt på fjernkontrollen?

Svar: Dersom du stiller fjernkontrollen på t.d. 22 grader så varmar pumpa lufta til inntakslufta på varmepumpa vert 2.5 grader høgare.  Først då stoppar utedelen å levera varme.  Dette for at temperaturen i rommet aldri skal vera lågare enn det du har stilt inn.  For å få nøyaktig den temperaturen du ønskjer i rommet, bør innstillinga på fjernkontrollen gjerast etter eit frittståande termometer i det rommet du varmar opp.

 

Spørsmål: Sjølv om eg har stilt inn viftehastigheita manuelt så endrast den opp og ned automatisk.

Svar:  Vifta på innedelen har som oppgåve å kjøla ned den varmen som kjem frå utedelen.  Det betyr at ved lågt eller varmebehov inne i rommet skal varmast opp så senkast viftehastigheita automatisk.  Først ved utblås på + 37 grader eller meir vil vifta gå fast i den hastigheita du har valt.  Dersom du ønskjer høgare viftehastigheit grunna låg/høg temperatur i rommet, må talet på grader stillast opp eller ned slik at varme/kjøle behovet endrast i huset.

 

Spørsmål: Høgdespjeldet på innedelen vil ikkje bevega seg opp og ned sjølv om innstillinga på fjernkontrollen er sett til automatisk.

Svar: Når varmepuma er innstilt på Auto, justerer spjeldet seg avhengig av varmebehovet i huset.  Ved stort varmebehov peikar spjeldet ned mot golvet, noko som også hindrar trekk.  Når temperaturen nærmar seg innstilt temperatur, vil spjeldet endra vinkel og peika meir rett ut i rommet.  Likeins vil det peika nedover når varmebehovet aukar igjen.  Når du nyttar aircondition funksjonen vil derimot spjeldet vandra meir automatisk.

EcoConsult tilrår at høgdespjeldet stillast inn manuelt.  Nedover ved varmedrift og rett ut ved kjøledrift.

 

Spørsmål: Venstre og høgre spjeld på innedelen går ikkje frå side til side i Auto funksjon.

Svar: Sjå svar på spørsmålet over.

 

Spørsmål: Kvifor kjem det ikkje varmluft frå innedelen med ein gong eg startar varmepumpa?

Svar: Dette er heilt normalt og skuldast at frå du startar varmepumpa vil det alltid ta nokre minutt før innedelen er varm nok til at ein kan gjera nytte av varmen.

 

Spørsmål: Nokre gonger begynner Power lampen på innedelen å blinka grønt og varmepumpa bles ikkje varme lengre.

Svar: Når Power lampen blinkar betyr det at avriminga skjer på utedelen.  Dette er heilt naturleg og skjer når utetemperaturen ligg under + 3 grader og det er risiko for isdanning. Avriminga (når lampen blinkar grønt) er 12,5 min eller mindre.  Når varmepumpa avrimar, vil prosessen som dannar varme snus slik at  utedelen varmast opp og isen smeltar.  Dette betyr også at vifta på innedelen stoppar slik at det ikkje skal blåsa kald luft ut frå innedelen.  Det er imidlertid heilt normalt at ein får litt kald trekk rett under innedelen i avrimingsperioden.  Tal på avrimingar vil variera etter utetemperaturen og luftfuktigheit.  Driftstida på utedelen mellom avrimingane varierer mellom 12 min til 40 min.  Ved feil under avriming stoppar varmepumpa og Timer lampen på innedelen vil blinka raudt.  Ta kontakt med din næraste forhandlar dersom dette skjer.  Avrimingssyklusen er programert frå fabrikk og kan ikkje endrast.

 

Spørsmål: Kvifor kjem det nokre gonger kaldare luft frå innedelen?

Svar: Innedelen kan ikkje blåsa kald luft om ikkje aircondition funksjon er slått av. Om lufta frå innedelen kjennast kaldare/kjølegare kan dette vera fordi utedelen har stoppa varmetilførselen til innedelen og berre sirkulerer innelufta.  Kontroller imidlertid om varmepuma står i Heat funksjon.

 

Spørsmål: Skal det renna vatn frå utedelen?

Svar: Blinkar Power lampen på innedelen skjer det i avriming av utedelen.  Då vil smeltevatnet renna frå undersida av utedelen.  Under spesielle klimatiske forhold vil det kunna renna opp til 10 liter smeltevatn frå utedelen i døgeret.  At det vert  så mykje vatn frå utedelen er eit sunnheitsteikn på at varmepumpa hentar energien som den skal.  Me tilrår likevel at du kontrollerer at smeltevatnet ikkje vil gje skader i grunn og bygg når det frys igjen.  Skulle du mistenkja at dette vil verta eit problem kan vatnet enkelt leiast vekk frå området, kontakt din forhandlar.

 

Spørsmål: Nokre gonger kjem det skyer av damp frå utedelen.

Svar: Etter avriming av utedelen vil temperaturen på radiatoren vera varmare enn sjølve utelufta.  Når vifta i utedelen då startar, vil ein kunna oppleva ei slik sky av damp frå utedelen.

 

Spørsmål: Kvifor gjev innedelen lyd frå seg under avriming?

Svar: Ved avriminga stoppar vifta på innedelen og då vil ein kunna høyra korleis gassen vandrar gjennom røyrene.  Dette høyrast ofte som kokande vatn eller knepp i innedelen.  Lyden er heilt normal og opphøyrer når varmepumpa startar opp varmeproduksjonane igjen.

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2