Elsertifikat

Elsertifikat er ei økonomisk støtteordning som gjer det meir lønsamt å investera i kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder som vatn, vind, sol og bioenergi.

Målsetjinga er 26,4 TWh (:milliardar kilowattimar) auka fornybar kraftproduksjon til saman i Noreg og Sverige innan 2020. Dette tilsvarar straumforbruket til meir enn halvparten av alle norske hushald. Frå 1. januar 2012 betalar alle eit lovpålagt påslag for kvar kilowattime me brukar.

Påslaget er lagt inn slik:    

  •     Avtalar knytta til spot -> i påslaget eller i månadsbeløpet som kjem som tillegg til spot.
  •     Fastprisavtalar -> i fastprisen.
  •     Flytande avtalar (standard variabel kraftpris) -> i kraftprisen

Elsertifikat er ikkje det same som opphavsgarantiar. Opphavsgarantiar er ei frivillig ordning som vert lagt til grunn for å varedeklarera kraftleveransar. Dersom du ynskjer å kjøpa 100%  fornybar energi, må du tinga dette.

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2