Vil hindra nye storflaumar på Voss

Klimaendringar kan gi 40 prosent større flaumar på Voss. For å hindra nye skadeflaumar vil Voss Energi, BKK og Norconsult byggja flaumtunnel til Granvinsfjorden i kombinasjon med eit elvekraftverk i Raundalselvi.

- Det er berre i flaumsituasjonar at vatnet blir ført inn i flaumtunnelen. I ein normal situasjon vil vassføringa i Vosso vera som i dag, og tiltaket får dermed ingen konsekvensar for Vossolaksen, understrekar Rune Nesheim, administrerande direktør i Voss Energi.

Både i 2014 og 2015 vart Voss råka av flaum med store øydeleggingar. Norsk klimaservicesenter, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Uni Research og NVE,  la i august fram ein rapport som viser at framtidige flaumar vil verta vesentleg større enn i dag. Dei store flaumane råkar ikkje berre lokalt, for Voss er eit nasjonalt knutepunkt for samferdsel både langs veg og jernbane.

Unngår flaum utan store naturinngrep
Voss Energi, BKK og Norconsult har saman utvikla ei løysing for flaumutfordringa. Løysinga legg også til rette for at Granvin kommune kan kopla seg på flaumtunnelen for å løysa sine flaumutfordringar. Jarle Østerbø i Norconsult er sjølv  vossing, og har lang erfaring frå å jobba med flaumvern.

- Vi har sett på mange ulike alternativ og har kome fram til at ein 18 kilometer lang flaumtunnel frå Raundalselvi ved Bjørke til Granvinsfjorden er den beste løysinga. Då har vi inntaket langt nede i Raundalselvi, som står for rundt 60 prosent av vatnet som kjem ned mot Voss. Dermed vil vi kunna føra bort tilstrekkeleg med vatn til å unngå flaum i Vosso. Det har heile tida vore eit  vilkår at vatnet berre skal førast bort frå vassdraget i flaumsituasjonar av omsyn til det nasjonale laksevassdraget, seier Østerbø.

Raundalselvi er verna, men den nye energimeldinga som vart lagt fram i år, opnar for å vurdera konsesjonshandsaming i verna vassdrag dersom ei utbygging gir vesentleg flaumdempande effekt med akseptable miljøkonsekvensar.

- Begge desse vilkåra er oppfylt for den løysinga vi legg fram, seier Østerbø. Skisse med flaumtunnel. 

Kraftverk bidrar til finansiering av flaumtunnel
Planen for flaumvern inkluderer eit elvekraftverk i Raundalselvi. Inntaket til kraftverket vil vera på Reimegrend, og vatnet vil gå i ein 13 kilometer lang tunnel til kraftstasjonen ved Bjørke. Langs heile strekninga vil det vera minstevassføring og lokalt tilsig, og det er mogleg å finna løysingar for auka vassføring i spesielle periodar, til dømes i Ekstremsportveka. Kraftverket vil ha utløp like ovanfor inntaket til flaumtunnelen.

- Ei ny vurdering av verneplanen for Raundalselvi må vegast opp mot dei store skadane stadige flaumar påfører samfunnet, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK.

- Kraftverket vil gi eit vesentleg økonomisk bidrag til flaumtunnelen, både direkte og i form av skatteinntekter. Kraftverket kan også gi reduserte kostnader til investering og drift av flaumtunnelen. Dessutan har flaumtunnelen mot Hardanger behov for  overvaking og beredskap i flaumsituasjonar. Dette kan gjerast frå kraftselskapet sin driftssentral, seier Hilland.

Tre års byggjetid
Kraftverket vil produsera rundt 500 GWh, like mykje som det samla energiforbruket til 25 000 husstandar. Utbyggingskostnaden for kraftverket vil vera rundt 1,2 milliardar kroner, medan flaumtunnelen vil kosta rundt éin milliard.

Byggjetida for kraftverk og flaumtunnel er om lag tre år. For å få elsertifikat for produksjonen må kraftverket vera i drift innan 2021.

 

Bildetekst: Slik vil situasjonen bli i Voss sentrum og Vangsvatnet ved ein ny 200-årsflaum med såkalla klimapåslag på 40 prosent. Illustrasjonen viser konsekvensar av auka vasstand i Vangsvatnet, der dei raude bygningane vil bli direkte råka, medan dei gulfarga er i faresona for inntrenging av vatn i kjellarar. (Illustrasjon: Voss Energi, BKK og Norconsult.)

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2