Gosland Kraftverk


Voss Energi og grunneigarane til Nesthus- og Vinsandelva i Voss Kommune har inngått samarbeidsavtale om å nytta vassressursane i elvane deira i Gosland til kraftproduksjon.  

Gosland kraftverk vil nytta vatn frå både Nesthus- og Vinsandelva som begge har eit tilsigsfelt på ca. 3,25 km 2 kvar ved inntakspunkta. Det er planlagt eit hovudinntak i Nesthuselva ved ca kote 391 og kraftstasjon ved ca kote 53. Hovudalternativet inkluderer ei 600 meter lang overføring frå sideinntak i Vinsandelva ved ca. kote 420 til hovudinntaket i Nesthuselva. Det er planlagt at avløpet frå kraftverket skal sleppast ut oppstraums anadrom strekning i Nesthuselva. Maksimal effekt er 3,7 MW og årleg produksjon er utrekna til 11 GWh i eit middels år. Gosland kraftverk må samarbeida om nettilknyting via den same produksjonskabelen som er skissert for Vangjolo kraftverk.

Konsesjonsøknad finn du her.

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2