Pågåande prosjekt

Avdelinga fornybar energi har travle dagar. Me reknar på mange prosjekt og har inngått samarbeid med fleire grunneigarlag som synt under.

Me er svært glade for tilliten me vert synt her lokalt.   Dette gjev nye lokale arbeidsplassar samt at eit eventuelt overskot frå satsinga vert verande lokalt. Om grunneigarane vil byggja ut sjølve eller om dei vil samarbeida med utbyggingsselskap, treng dei rådgjeving, kapital og innleidd arbeidskraft. Me tykkjer det er flott at mange vel lokale samarbeidspartnarar.  Dei som ynskjer eit samarbeid med Voss Energi utover vanlege konsulenttenester, sit att med ei konkurransedyktig fallrettsleiga samstundes som dei har rett til å eiga mesteparten av kraftverket sjølve.

Me vurderer potensialet i ulike prosjekt heilt kostnadsfritt for grunneigarar som tek kontakt med oss. Kontakt gjerne Yngve Tranøy (92210098) eller Ole Reidar Flatby (90500819) om du ynskjer å få ei uforpliktande vurdering av di elv.



Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2