Småskala kraftverk

Innføring av grøne sertifikat og auka fokus på klimakonsekvensar har ført til ei storstilt utbygging i Voss kommune. Det er planar for rundt 30 ulike vasskraftprosjekt som både vil gje grunneigarane gode inntekter samt ekstra fornybar energi inn på straumnettet. For å kunne selja straumen til dei som ikkje har like gode høve til å produsera fornybar energi som oss i Voss, er ein avhengig av større kapasitet i straumnettet. Dette medfører inngrep i naturen som av mange vert opplevd som negativt. I kraftprosjekt må ein ofte gje og ta, og så lenge fordelane er større enn ulempene for dei ålmenne interessene, gjev ansvarleg myndigheit løyve til å gjennomføra prosjekta .

 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2