Forfallsdato

Alt forbruk av straum vert fakturert på etterskot. Straumrekning til bustadkundar og hyttekundar har forfall 10. februar, 10. april, 10. juni, 10. august, 10. oktober og 10. desember.

Efaktura og avtalegiro

E-faktura og avtalegiro tingar du i nettbanken din. For å tinga dette treng du efakturareferansenummer og KIDnummer for avtalegiro. Begge finn du på straumrekninga di. Alternativt kan du ringja kundevadelingen.

Vil du ha utsett betalingsfrist må du be om dette før rekninga har ordinært forfall. Fyll ut skjemaet under så høyrer du frå oss raskt.

Dersom du er à jour med alle tidlegare rekningar, kan du få utsett betalingsfristen for halve rekninga med inntil ein månad. Det betyr at du kan betala første halvdel innan ordinært forfall og neste halvdel ein månad seinare. På avdraget betalar du morarente.








Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2